top of page

Lovsangshelg i menigheten Nytt Liv Suldal

  • Irma Weerstand-de Widt
  • Apr 26, 2016
  • 2 min read

Pastorparet Alwin og Irma sammen med Heidi Christine og Tore.

Me takker først og fremst vår Himmelske Far for ein fantastisk helg sammen med Heidi og Tore Kransberg.

Det var 1. til 3. april me hadde avtalt besøket av dette flotte paret som Herren bruker som eit mektig redskap til oppmuntring og inspirasjon for alle som dei møter. Gjennom forkynnelse, undervisning, lovsang, tilbedelse, bønn og budskap frå Herren blei heile helga ein stor velsignelse til menigheten og dei som kom på besøk.

Det startet med ein lovsangskveld kor me priset Herren i lovsangen og tilbedelse med herlig musikk og sang frå Heidi på keybordet. Tore forkynte Guds Ord og gjennom lovsangen blei Guds nærvær sterkt. Gud kom med ein helsing til menigheten, som bekreftet Hans vilje med oss alle.

Laurdag sto me med gatekyrkje på torget og delte ut vafler og kaffe, og fekk god samtale med dei som kom innom.

Me blei overveldet av alle som kom tilreisende for å vere med oss denne helga. Disippelkurset seinere på dagen som Tore ledet, handlet om at me må finne vår drøm og vårt kall i livet. Me kan vere eit vitne for Jesus overalt kor me er. Det er viktigare korleis me er på den plassen me er enn kor me er.

Laurdagskveld var huset fylt med rundt 30 personer i alle aldersgrupper frå 5 år til 75. Det var egentlig til ungdommane, men me bestemte oss å samle alle generasjonene. Det blei ein herlig vellukka kveld gjennom lovsang, vitnesbyrd, Guds Ord, drøs rundt bordet, bønn og leik.

Søndag var det igjen fullt hus med eit festmøte med fleire generasjoner. Nye mennesker kom og fekk oppleve Guds nærvær. Me startet med herlig lovsang ledet av Heidi, og mens tilbedelse foregjekk blei møteopplegget endret…det skulle bli eit stevnemøte med Jesus. Då Tore skulle trø til, fekk ein av oss eit ord frå Åpenb. 3:20 ; ‘Se, jeg står for døren og banker; om nokon hører min røst og åpner døren, då vil eg gå inn til ham og holde måltid med ham og han med meg. Det bekreftet det som Tore kjente me skulle gjere…å gå på ‘date’ med Jesus. Det er det alt handler om; at me åpner våre hjerter og får eit møte med Jesus. Alle fekk mogleghet å bli bedt for og det var mange som blei berørt, helbredet eller gjennoppretta.

Denne helga ga oss ny inspirasjon til å vera den velsignelse me skal vera i samfunnet rundt oss på dei ulike stedene Herren har plassert oss og sender oss hen. Takk til Tore og Heidi og alle som kom for å gjera denne helga til ein stort suksess og velsignelse!

Me ynskjer Herrens velsignelse over deiras arbeid for Guds rike.

Tusen takk til Ole Jørgen Nøstbakken frå Suldalsposten for eit veldig bra innlegg om vår lovsangskveld!


 
 
 

Comments


Følg oss
  • Facebook Basic Black
Andre nyheter

Copyrigth: Preach & Praise Heidi Christine og Tore Kransberg

© 2023 by Glorify. Proudly created with Wix.com

bottom of page